Næringssjef 100 % fast stilling – Id 705

Nissedal kommune oppretter ei ny stilling som næringssjef, og legg den organisatorisk til interkommunalt plankontor. Stillinga gjeld likevel berre for Nissedal kommune, og næringssjefen rapporterer til kommunalsjef for plan og næring.

Næringslivet i Nissedal er variert. Viktige næringar er industri og handverk, handel, reiseliv og turisme og hytteutbygging.

Aktivitetar som jakt, fiske, sport, kunst og kultur har særs gode kår. Alt ligg til rette for eit godt liv i Nissedal for alle generasjonar året rundt.

 Ansvarsområde/viktige arbeidsoppgåver:

  • Rådgjeving for kommunens politiske og administrative leiing i næringsspørsmål
  • Oppfylging og gjennomføring av kommunens strategiske næringsplan
  • Utvikling av gode nettverk og delta aktivt i lokale og regionale næringsmiljø
  • Pådrivar og sakshandsamar på fagområde innan næring og busetting
  • Samarbeid med andre einingar for å nå kommunens målsettingar
  • Utforme kommunen sin marknadsføringsstrategi og vere primus motor i eit arbeid med å lage ein plan for Nissedal som ein berekraftig reiselivskommune med bruk av naturen som sentralt verkemiddel.

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgare utdanning på masternivå og/eller lang relevant praksis med dokumenterte resultat
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med fokus på tverrfagleg samarbeid
  • Evne til god dialog og samhandling med næringsliv og innbyggjarar

Vi ser etter deg som:

  • er pådrivar for næringsutvikling i kommunen
  • legg til rette for utvikling i samsvar med strategisk næringsplan
  • har ein arbeidsmåte retta mot løysingar og resultat
  • klarer å finne meirverdiar i å sjå tradisjonelt næringsarbeid, kultur og reiseliv og folkehelse i ein heilskap


Kommuneplanleggar inntil 100% - fast stilling – Id 706


Ansvarsområde/viktige arbeidsoppgåver:

  • Overordna arealplanlegging, kommuneplanens arealdel og kommunedelplanar.
  • Utarbeide og saksbehandle kommunale reguleringsplanar.
  • Saksbehandle private reguleringsplanar.
  • Vere oppdatert på relevant lovverk, særleg plan- og bygningslova.
  • Anna saksbehandling for administrativt og politisk nivå.
  • Vedlikehald av kommunens digitale planregister og planbase.
  • Bindeledd mellom kommunen og fagmiljø innom arealforvalting på regionalt/statleg nivå.

Kvalifikasjonskrav

  • Mastergrad innan fagområdet arealplanlegging er ynskjeleg.
  • Alternativt kan minimum 3-årig relevant høgskule- eller universitetsutdanning vere aktuelt.
  • Fagområde som samfunnsvitskap, gis/geodata, naturforvalting og/eller juridiske fag vil også bli vurdert.
  • Solid erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse.
  • God kunnskap og erfaring med bruk av relevante digitale verktøy og hjelpemiddel.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Norskkunnskap på minimum språkprøve nivå B2.

Vi ser etter deg som:

  • Har variert kompetanse innan kommunal arealplanlegging på overordna og detaljnivå.
  • Har kunnskap om relevant lovverk, planutforming og kommunal plansaksbehandling.
  • Har forståing for samspelet mellom politisk og administrativt nivå i planprosessar.
  • Har interesse for, og kunnskap om, lovbruk, analyse og statistikk.
  • Er sjølvstendig og fleksibel og forstår det å byggje nettverk internt og eksternt.
  • Kan jobbe konsentrert og trivst med å planlegge og å skrive saker.

 

Oppmålingsingeniør inntil 100% – fast stilling – Id 707
 

Ansvarsområde/viktige arbeidsoppgåver

  • Grensemålingar og oppmålingsforretningar.
  • Matrikkelføring og produksjon av matrikkelbrev.
  • Vedlikehald av matrikkelkart og kommunens offentlege kartgrunnlag.

 Kvalifikasjonskrav

  • Min. 3-årig høgskuleutdanning innan relevante fagområde.
  • Kjennskap til, og bruk av digitale verktøy.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
  • Søkar må disponere eigen bil.

For alle tre stillingane

Plankontoret har i utgangspunktet ledig 250% stillingsheimel samla for desse tre stillingane. Ein auke kan bli vurdert. Gi derfor beskjed om søknaden bare gjeld for full stilling, eller om redusert stillingsprosent i intervallet 0-50 % kan vere aktuelt.

Løn etter Hovudtariffavtala. Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov og kommunen sitt reglement.

Køyregodtgjering etter statens satsar. For oppmålingsingeniør-stillinga også ein fastsum f.t. kr 13 700   pr.år.

Gode utviklingsmoglegheiter i eit godt arbeidsmiljø.
Fokus på kompetanseheving og fagutvikling.
Som tilsett i Nissedal kommune blir du meldt inn i KLP (Kommunal Landspensjonskasse).

Anna

Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet. Både Kviteseid og Nissedal kommunar nyttar nynorsk som målform.

Offentleggjering

Søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateke for offentligheit. Dersom ønsket ikkje blir innfridd, vil søkaren bli varsla om dette. (Offentleglova § 25).

Kontaktpersonar

Sverre Sæter, kommunedirektør, mobil: 99 34 08 62, sverre.seter@nissedal.kommune.no

Sveinung Seljås, plansjef, mobil: 41 56 39 95, sveinung.seljas@nissedal.kommune.no

Slik søkjer du

Søknad på elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist: 01.09.2021.