Nissedal kyrkjelege fellesråd har ledig fast stilling i inntil 60 % som organist/menighetsmusikar med arbeidsstad kyrkjene i Nissedal kommune. Organisten leiar det kyrkjemusikalske arbeidet i soknet i samarbeid med soknerådet lokalt.

Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark. I Nissedal kommune bur det om lag 1450 personar. Kyrkjekontoret ligg på kommunehuset som ligg i Treungen. Staben består av sokneprest, kyrkjeverje/dagleg leiar, kyrkjetenar, organist og klokkar.

Organisten/menighetsmusikaren skal vere med å forvalte og formidle tradisjonelle og nye kyrkjemusikalske verdiar, og bidra til breidde og kvalitet i det kyrkjemusikalske og kulturelle arbeidet i kyrkjelyden

Arbeidsoppgåver

  • Teneste ved gudstenester og kyrkjelege handlingar.
  • Arbeid med konsertar o.l.
  • Deltaking i konfirmant- og trusopplæringsarbeidet i soknet.
  • Leggje til rette for friviljuge i kyrkjemusikkarbeidet, og samarbeide med det lokale musikklivet.
  • Vere med på stabsmøter, og samarbeide tett med andre tilsette og frivillige.

Lista er ikkje uttømande.

Kvalifikasjonar og særskilte krav

  • Utdanning innan kyrkjemusikk eller anna relevant utdanning.
  • Kjennskap til og erfaring frå arbeid i Den norske kyrkja.
  • Flytande norsk språk, munnleg og skriftleg.
  • Me søker etter ein person som er fleksibel, omgjengeleg og samarbeidsvillig.
  • Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar og erfaring.
  • Søkjaren må vera medlem av Den Norske Kyrkja
  • Søkjaren må ha sertifikat og disponere eigen bil.


Personlege eigenskaper

Me ynskjer ein kreativ og allsidig musikar med gode evner til samarbeid, samstundes som ein må kunne jobbe sjølvstendig. Ein må rekne med kvelds- og helgearbeid etter oppsett arbeidsplan.


Me tilbyr

  • Eit godt arbeidsfellesskap.
  • Løn og arbeidstilhøve i fylgje tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor.
  • Pensjonsordning i KLP


Kontaktinformasjon

Bente Rønningen Meyer, kyrkjeverje, 99 54 45 43, bente.meyer@nissedal.kommune.no

 Arbeidsstad

  • Nissedal kyrkje
  • Treungen kyrkje
  • Felle kapell


Søknaden sendast

Nissedal kyrkjelege fellesråd, Treungvegen 398, 3855 Treungen el.

kyrkjekontoret@nissedal.kommune.no


Søknadsfrist 25. august 2020