Nissedal kommune i Telemark er ein kommune i vekst med om lag 1500 innbyggjarar. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone,
Haugsjåsund og Felle. Nisser, den største innsjøen i Telemark, er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Næringslivet i kommunen er variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv.
Eining for omsorg består av somatisk og skjerma avdeling, heimesjukepleie, heimehjelp og kjøkken/vaskeri/reinhald.
2. gongs utlysing
Eining for velferd har ledig 80-100% vikariat som sjukepleiar ved Nissedal omsorgssenter – Somatisk avdeling.
Vikariatet er frå 1.2.2021 – 31.8.2021 – ID 629
Kvalifikasjonskrav:
- Den som søkjer må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Du må kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg på norsk
Ønskelege kvalifikasjonar:
- Vidareutdanning innan geriatri
- Evne til å jobbe sjølvstendig og kunne takle utfordrande situasjonar
- Evne til å leie/rettleie og motivere andre
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr:
- Fadderordning for ny tilsette sjukepleiarar
- Godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Vanleg turnusarbeid med moglegheit for individuell tilpassing og arbeid kvar 3.helg
- Løn etter avtale
Det vert kalla inn til intervju
Personleg egna vert lagt til grunn ved alle tilsettingar.
Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest. Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
Kontaktpersonar:
Somatisk avdeling, Ingerid Homme telefon 35 04 84 60
Heimetenesta, Solveig Nilsen mobil. 470 11 622
Send søknad på elektronisk søknadsskjema.
Søknadsfrist: 10.03.2021