Nissedal – der gode liv levast!

 
Nissedal kommune er ein naturskjøn kommune, men ruvande fjell og djupe vatn. Det er høve til både å klatre og å gå eit ti-tals flotte toppturar og bade i hundrevis av ferskvatn. Kommunen er langstrakt og ligg i Vest-Telemark. Kommunesentrumet Treungen har 1-10 skulen Tveit skule/Nissedal ungdomsskule og Treungen barnehage, som har to avdelingar. I grendene Felle og Fjone finn du både barnehage og SFO og i Kyrkjebygda har vi flotte, nyoppussa og utbygde Kyrkjebygda oppvekstsenter med barnehage, 1.-7 skule og SFO. Nissedal kommune satsar på oppvekst for sine barn og unge og har mål om å syte for eit inkluderande oppvekstmiljø på tvers av einingar og avdelingar, til det beste for våre barn og ungdom. 
 
 

Eining for oppvekst og kultur har ledige stillingar - 2. gongs utlysing:

 

27% vikariat som logoped i perioden 01.10.23-31.07.24, med høve til forlenging – id 2023/981

 
Logopeden sitt arbeidsområde er barn, unge og vaksne i kommunen som har behov for logopedi. Nissedal kommune har 4 barnehagar og 2 skular, plassert i dei ulike delane av vår langstrakte kommune. Det kan også bli aktuelt med arbeid heime hos vaksne som har rett på logopedi.
Logopeden er organisatorisk plassert i Eining for oppvekst og kultur, med kontorplass på kommunehuset i Treungen. 
Logopeden blir tilsett på ordinære vilkår, ikkje som undervisningspersonell. 
 

Kvalifikasjonskrav:

  • Godkjent utdanning som logoped, eventuelt under utdanning til logoped
  • Gode faglege kunnskapar og interesse for fagleg utviklingsarbeid
  • Samarbeidsevne og fleksibilitet
  • Omstillingsevne
  • Relasjonskompetanse
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
  • Du må disponere bil og ha godkjent sertifikat
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stillinga, kan det vere aktuelt å tilsette andre personar i vikariatet med rettleiing av StatPed og/eller PPT. 
 

I barnehagene våre har vi fleire ledige stillingar.

Nissedal kommune har fire barnehagar, og som tilsett kan du bli flytta mellom desse ved behov. Dette for å få til rett bemanning på rett stad. Stillingane under er lyst ut knytt opp mot ein særskilt barnehage. Det er med utgangspunkt i noverande kabal for komande barnehageår, men kan bli endra.  
 

100% fast stilling som barnehagelærar i Treungen barnehage med tiltreding snarast - id 2023/982
 

100% fast stilling som barnehagelærar med tiltreding snarast. Plassering i barnehage etter behov og avtale  - id 2023/983

Kvalifikasjonskrav for stillingane som barnehagelærar: 

• Barnehagelærar eller tilsvarande pedagogisk utdanning
• Gode faglege kunnskapar og interesse for fagleg utviklingsarbeid
• Samarbeidsevne og fleksibilitet
• Omstillingsevne
• Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, stabilitet og nærvær på arbeidsplassen
 

100% vikariat som spesialpedagog for barnehagane frå 01.10.23-11.08.24, med høve til forlenging– id 2023/984

 
Stillinga som spesialpedagog er for tida lagt til Fjone barnehage. 
 

Kvalifikasjonskrav: 

  • Master i spesialpedagogikk
  • Ev. Barnehagelærar med vidareutdanning i spesialpedagogikk 60 stp
  • Gode faglege kunnskapar og interesse for fagleg utviklingsarbeid
  • Samarbeidsevne og fleksibilitet
  • Omstillingsevne
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, stabilitet og nærvær på arbeidsplassen
Dersom det ikkje melder seg søkjarar til logopedstillinga, kan det bli aktuelt å legge oppfølging av barn/unge med vedtak om logopedi til spesialpedagstillinga, då med rettleiing av StatPed/PPT. 
 

100% fast stilling som fagarbeidar i Treungen barnehage med tilsetting snarast – id 2023/985

 

Kvalifikasjonskrav:

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Gode faglege kunnskapar og interesse for fagleg utviklingsarbeid
  • Samarbeidsevne og fleksibilitet
  • Omstillingsevne
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, stabilitet og nærvær på arbeidsplassen
 

Til alle stillingane: 

Personar utan formell kompetanse kan bli vurderte dersom det ikkje melder seg søkjarar i målgruppa. 
 

Vi kan tilby:

  • Inkluderande og positivt arbeidsmiljø
  • Spennande arbeidsoppgåver med fastsette stillingsomtala
  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
Kommunen nyttar nynorsk som skriftspråk.
 
NB! Eininga treng nye tilkallingsvikarar til barnehage, skule, SFO, ungdomsklubb, badevakt, og andre oppgåver innan kultur. Ta gjerne kontakt med aktuelle avdelingsleiarar om du ønskjer å prøve deg. Vi tek gjerne ein prat og finn ut kva som kan vere aktuelt. Det er viktig at du er glad i barn og unge og er personleg egna. Alt anna kan vi gje opplæring i. 
 
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25. 

Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet

 
 
Søknadsfrist: 01.10.2023