Nissedal kulturskule er ein liten, men populær kulturskule, som dei siste 10 åra har hatt ventelister kvart år. Hovudfokuset til kulturskulen er SPELEGLEDE! Nissedal kulturskule har undervisning i Fleirbrukshuset i Treungen, men kan og ha undervisning andre stader i kommunen.
 

Frå skuleåret 2022-2023 har Nissedal kulturskule ledig: 

  • 30% fast stilling på piano – ID 773

  • 10% fast stilling på song – ID 774

  • 8% fast stilling på dans, teater eller kunstfag – ID 775

Dei ulike stillingsprosentane kan settast samen til ei stilling dersom søkjar har formell utdanning og/eller realkompetanse til det.
 
Kvalifikasjonar:
  • Utdanning som utøvande musikar eller lærar med høgskule/universitet på piano, song, dans, teater eller kunstfag
  • Pedagogisk utdanning eller erfaring med å rettleie born vert vektlagt
  • Kreativ og glad i å jobbe med born
  • Fleksibilitet og stabilitet på jobb vil bli vektlagt.
Anna:
  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
  • Ved interne tilsetjingar kan andre stillingar bli ledige
  • Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest
  • Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25
  • Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet
 
Ønskjer du fleire opplysningar om stillinga, kan du ta kontakt med:
Kultursjef, Anne M. Espelid,
Tlf. 35 04 84 94
 
 
Søknadsfrist: 28.05.2022