Nissedal kommune har sett av inntil 3 mill. kr. til straumstøtte for at verksemder i krise skal kome seg gjennom vinteren. Føretak som er truga av konkurs eller styrt avvikling vil bli prioritera.
 
For straumstøtte for mars er det forbruk og faktura for februar som er grunnlaget for utrekninga – dette for at utbetaling skal skje snarast råd er til dei som får støtte.
 
Det er kun organisasjonsnummer som kvalifiserer til å kunne søke støtte – ikkje personnummer/privathushald som har anna nasjonal støtteordning.
 
Hugs at du må sende inn fakturadokumentasjon på både forbruk og nettleige!
 

Søknadsfrist: 31. mars 2023

 
Tildelingskriterium:
  1. Straumstøtteordninga gjeld for alle næringar med straumforbruk med ein månadleg snittspris på over 70 øre/kWt.
  2. Elavgift, nettleige eller andre relaterte avgifter kvalifiserer ikkje til støtte.
  3. Verksemda må vere etablert, drive og vere registrert med forretningsadresse i Nissedal før 01.07.2022.
  4. Støtta er basera på dokumentera forbruk, og Nissedal kommune kan be om utvida dokumentasjon og fersk attest for skatt og meirverdiavgift for kontroll.
  5. Eventuelle statlege støtteordningar til same føremål og mottakar skal nyttast fyrst og erstattar denne støtta heilt eller delvis.
  6. Verksemda må aktivt søke om lokal straumstøtte som blir betala ut etterskotsvis kvar månad.
  7. Nedre grense for utbetaling er kr 4 000 per månad.
  8. Offentlege verksemder og verksemder innan kraftproduksjon kan ikkje søke. Landbruket og frivillige organisasjonar har andre statlege ordningar og kan heller ikkje søke.
  9. Verksemder med gjeldande fastprisavtale (per kWt) kvalifiserer ikkje til støtte.
  10. Maksgrensa for støtte er dokumentera forbruk inntil 12 000 kWt per føretak per månad.
  11. Eigarar kan ikkje ta utbytte frå føretak som har motteke lokal straumstøtte året etter sist utbetala lokale straumstøtte.
  12. Eventuelle statlege støtteordningar/utbetalingar skal rapporterast kvar månad når verksemdene søker, og statlege støtteordningar kjem til fråtrekk på den lokale støtta.