Fjorårets gras og lauv er veldig tørt, og bål/bråtebrenning kan raskt komme på avveie.

Ein annan grunn til å ikkje tenne bål eller brenne bråte er dagens koronasituasjon. Som resten av samfunnet er vi i dugnadsmodus og gjer ei rekkje med tiltak for å syte for så god beredskapsevne som mogleg. Derfor ynskjer vi ikkje at våre ressursar nyttast på hendingar og oppdrag som strengt tatt burde vore unngått. Ein større kratt- eller skogbrann krev store ressursar og langvarig aktivitet frå vår beredskap, andre nødetatar og kanskje bistand frå publikum. Normalberedskapen i samfunnet reduserast medan vi er på oppdrag, samtidig som smittefaren aukast gjennom felles innsats.

Brannvesenet har derfor ein klar oppfordring til dykk alle som tenkjer på å fyre opp alt dykk har rydda heime den siste tida, eller bruker skog og mark meir enn før til rekreasjon og tur: Tenk deg godt om før du tenner opp!

Skulle du likevel finne det trygt, så ynskjer vi at du informerer 110-sentralen før du tenner større bål eller brenn brå‪te. Dette for at vi ikkje skal få brannmeldinga og alarm på det som er ditt bål.
Ring telefon ‪33 31 41 10 før du tenner opp eit bål, slik at vi unngår unødige utrykkingar.

Ute av kontroll

I startfasen kan dei fleste skogbrannar slokkast med enkle midlar, og alle brannar må varslast så raskt som mogleg til nødnummer 110. Medan du venter på hjelp kan du starte slokkearbeidet sjølv, men ikkje ta nokon sjansar.

Takk for at du viser omsyn !!!

Helsing
Nissedal brannvesen