Retningsliner for kommunal næringsstøtte til føretak og tiltak i Nissedal
Vedtatt i Nissedal kommunestyre 31.03.2022 – PS 16/22.
For å stimulere til vidare næringsutvikling i Nissedal, vil kommunen etter politisk vurdering i særlege tilfelle gi økonomisk støtte til føretak eller tiltak. Retningslinene er tufta på vedtektene til Nissedal kommunale næringsfond.
Rammer:
- Søknaden må gi utfyllande informasjon om føretaket/tiltaket.
- Det blir lagt vekt på om føretaket/tiltaket er med på å etablere eit nytt tilbod som ikkje er i kommunen frå før.
- Søkar må leggje fram ei marknads- og økonomianalyse. Den økonomiske analysen må også innehalde eit investerings- og likviditetsbudsjett og finansieringsplan.
- Søkar må kunne syne til og dokumentere nok eigenkapital.
- Støtte kan som hovudregel vere inntil 50 % av kapitaltrong.
- Nyetableringar kan få inntil 75 % støtte.
- Søkar pliktar å opplyse om søkar tidligare har mottatt eller fått tilsegn om annan finansiell støtte til føretaket/tiltaket.
- Tilskotet må vere i tråd med gjeldande EØS-reglar for bagatellmessig støtte. Samla offentleg støtte kan ikkje overstige kr 400 000 over ein periode på 3 rekneskapsår.
- Ein må i saksutgreiinga vurdere om føretaket/tiltaket vil/kan bidra til etablering av nye arbeidsplassar i privat sektor i Nissedal.
Fylgjande vil/kan bli vurdera når søknaden blir handsama:
- Om føretaket/tiltaket vil føre til auka verdiskaping og sysselsetting i Nissedal.
- Om støtta vil vere med på å auke lønsemda til føretaket.
- Om føresetnadar, planar og budsjett er er realistiske.
- Om føretaket/tiltaket er i tråd med FNs mål om berekraft.
- Innovasjonsgrad - kor nyskapande er føretaket/tiltaket eller aktiviteten til føretaket elles?
- Om støtta er avgjerande for realisering av føretaket/tiltaket. For store verksemder må støtta også bidra til endring i omfang, storleik, gjennomføringstempo eller ressursallokering som ikkje ville skjedd utan støtta.
- Om føretaket har evne til å gjennomføre planane og utnytte resultata av det .
- Konkurranseevna til føretaket.
- Relasjonen til eventuelle samarbeidspartnarar som er kritiske for eksistensen og leveringsevna til føretaket - eller som skal bidra med kompetanse eller finansiering i tiltaket/prosjektet.
- Tryggleik for lån og føretakets evne til å betene gjeld.
Det blir ikkje gitt tilskot til:
- Innkjøp av varelager og investeringar i lett omsettelege varer.
- Transportmiddel, firmabilar og vedlikehald av desse.
- Private planprosessar.
- Aksjekjøp, emisjon eller medlemstilskot i andre organisasjonar.
Utbetaling:
- Når det i prosjektet har påløpt meir enn halvparten av budsjetterte kostnadar, kan halvparten av løyvd tilskot utbetalast. Påløpte kostnadar skal dokumenterast og stadfestas av godkjent rekneskapsførar.
- Når tiltaket er gjennomført, skal det leverast ein sluttrapport stadfesta av godkjent rekneskapsførar.
- Tilskotet blir utbetala høvesvis etter godkjent rekneskap, likevel ikkje utover vedtatt tilsegnsbeløp.
- Om ikkje tilskotet er oppmoda utbetala i samsvar med vedtak som ligg til grunn for løyvinga innan 2 år frå vedtaksdato, vil tilskotet automatisk falle bort. Det kan søkast om utsetting. Søknad om utsetting må vera velgrunna og sendast til Nissedal kommune seinast 2 månader før fristen gjeng ut.
- Føretaket/tiltaket som har mottatt tilskot, får ei bindingstid i Nissedal kommune på 3 år. Rekneskap for drifta skal vera tilgjengelig for Nissedal kommune gjennom heile bindingstida.
- Dersom føretaket avviklar eller flyttar frå kommunen før bindingstida er ute - eller støtta blir bruka i strid med føresetnadene - pliktar mottakar å betale tilbake heile eller delar av tilskotet etter avtale med kommunen.