Politiet skal teste “Nødvarsel på mobil” samtidig som Sivilforsvaret skal teste ca. 1250 sireneanlegg rundt om i landet. 

Nødvarsel på mobil:

Mobiltelefonar over heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal. Telefonar som er på lydløs, har låg lyd eller har dempa varslingar og liknande vil bli overstyrte og få nødvarsel. Telefonar som er i flymodus eller er skrudd heilt av vil ikkje få nødvarsel. Snakk med dine næraste på førehand - barn, eldre og andre rundt deg - slik at flest mogleg er førebudde og veit at dette berre er ein test.

Sivilforsvarets varslingsanlegg:

Signalet som skal sendast ut via Sivilforsvarets varslingsanlegg betyr "Viktig melding – søk informasjon". Tyfonane tutar i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane. Varslingsanlegga er stort sett plassert i byar og tettstader.

Her finn du svar på vanlege spørsmål om Nødvarsel på mobil

Her finn du meir informasjon om Sivilforsvarets varslingsanlegg