Innbyggarane i Nissedal kommune vil frå  01.01.19 få tenester og oppfylging som før, men det gamle NAV-kontoret er ikkje lenger i bruk.
I staden vil ein få avtalte møter med sin rettleiar i lokale i Nissedal kommunehus eller på annan eigna stad som ein blir einige om.
Du kontaktar ditt nye NAV-kontor via nav.no eller Kontaktsenteret på tel. 55 55 33 33.

Du kan levere søknader om statlege ytingar via nav.no.  

Søknader om kommunale ytingar blir du einig med din rettleiar om korleis du leverer.

Om det er akutt behov for økonomisk stønad eller midlertidig bustad prøvar du fyrst å kontakte NAV via Kontaktsenteret for å fortelje kva det gjeld.  Du vil også kunne få bistand i resepsjonen i kommunehuset til å få direkte kontakt med NAV Kviteseid-Nissedal.