Velkomen

Vi har eit godt utval av aviser, blad, filmar og sjølvsagt mange gode bøker.
Om ikkje vi har boka du er ute etter, så kan vi låne bøker frå andre bibliotek. Heilt gratis.

Nissedal folkebibliotek har ope kvar måndag og onsdag.

  • Måndag kl. 13.00-16.00
  • Onsdag kl. 12.30-18.00


Laurdagar som er ope i vår:

13.1, 20.1, 27.1, 3.2, 17.2, 2.3, 9.3, 6.4, 13.4 og 20.4.
Opningstid på laurdag: kl. 11.00-16.00

Elles er biblioteket stengt i påska og heile juli.  

Arrangement

Nissedal bibliotek byr på «Les i lag» og «Bok og Prat». Begge tilbod har same metodikk og er ei lesestund under leiing av ein leseleiar. Leseleiaren les høgt og byr på prat rundt teksten for dei som ynskjer det. Ein kan velje å berre lytte om ein ynskjer det. Vi set av 1.5-2 timar kor vi saman dukkar ned i gode tekstar. Det er nye tekstar kvar gong. Me byr på kaffi, te og noko å bite i.
 

Bok og prat med Margit Kiland:
10.1, 7.2, 6.3 og 3.4 
Onsdag kl. 10.30-12.30

Les i lag med Sigrid Nesland Vejen
31.1 og 20.3
Onsdag kl. 18.00-19.30

Litteraturkafé med Harald Valle
Onsdag 28.2, kl. 18.00-19.30 og laurdag kl. 13.00-14.30

Bok + Film
17.1, 14.2, 13.4 og 10.4
Bokprat før film kl. 13.00
Film Fleirbrukshuset kl. 14.00 

Lånekort og e-bøker

Lånekort
Er du ikkje låner kan du registrere deg her eller ta kontakt , så kan me hjelpe deg.
Sjekk om vi har boka du ynskjer her

E-bøker
Om du vil låne bøker digitalt kan du laste ned appen Bookbites og få tilgang til mykje god litteratur og lydbøker.
BookBites kan brukas av alle målgrupper, vaksne og barn, og har ein rekke funksjonar som støttar opp under den gode leseopplevinga og vil motivere deg til å lese vidare.
Appen har også integrerte hjelpemidlar for ulike lesevanskar, til dømes dysleksi, og eit brukarvenleg, universelt utforma design.
Last ned appen Bookbites, og følg instruksjonar for pålogging.
Vi kan hjelpe deg til å få tilgang. Er du ikkje låner kan du registrere deg her. Er du låner, men treng pinkode kan du sende e-post til biblioteket@nissedal.kommune.no.

Les meir om bookbites her.
Her kan du sjå brukarrettleiing på film

PressReader
Om du lastar ned appen PressReader på biblioteket, kan du lese ufatteleg mange aviser og tidsskrifter. Etter at du har opna appen kan du lese vidare i 7 dagar heime.

Ta ein tur innom og få ein god kopp kaffe/te og  ta ein pust i bakken, på biblioteket finn du garantert noko som passar for deg.  

Facebook

Hendingar og nyheitar blir ofte lagt ut på Facebook

Facebook finn du her