Ny kommunalsjef for plan og teknikk

Ny kommunalsjef - Gunhild Austjod

Nissedal kommune har tilsett Gunhild Austjord som kommunalsjef for plan og teknikk.

Gunhild er utdanna jordskiftekandidat frå Ås med studieplan arealplanlegging. Ho har jobba som etatsleiar og kommunalsjef i Tokke kommune i ti år, der fleire av åra har vore innan dei same fagområda som ho no skal ha ansvar for i Nissedal.

Ho kjem til Nissedal frå jobb som seniorrådgjevar hjå Statsforvaltaren i Agder.

Med Gunhild på plass som kommunalsjef er leiargruppa til kommunedirektøren komplett.

Kommunedirektør Sverre Sæter er svært nøgd med å ha fått Gunhild med på laget. Hennar breie kompetanse og erfaring på fagfelta innan plan og teknikk vil vere viktig for at Nissedal kan møte framtida med alle dei krav som vert stilt til strategisk og planmessig arbeid.

Gunhild startar i jobb i Nissedal 1. juni, og eg gler meg til å jobbe med henne. Eg veit at det er store forventningar i næringslivet til ein kommunalsjef med ansvar for både plan og teknikk. Kommunalsjefen skal sjå desse fagområda i samanheng, og Gunhild sin kompetanse er eg viss på vil møte desse forventningane på beste måte.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?