Pott for fellestiltak
I 2025 har Nissedal kommune sett av 330 000,- til pott for fellestiltak. Desse midlane er søkbare for utbetaling inneverande år. Føremålet med midlane er å styrke tilbod knytt til reiseliv, friluftsliv og folkehelse.
Send søknad til: postmottak@nissedal.kommune.no eller via skjemaet under.
Søknadsfrist: 13. april
Retningsliner:
- Tiltaka det søkast om midlar til skal treffe eit breitt publikum.
- Tiltak som fremjar folkehelse vil bli prioritert.
- Løyvingane skal primært nyttast til utviklingstiltak.
- Det er eit krav om budsjett til prosjektet det søkast på. Rekneskap/dokumentasjon på utgifter skal sendast kommunen i etterkant.
- Løyvingar til turløyper vil bli prioritert.
- Ved større løyvingar vert det forventa innskoten eigenkapital.
- Midlane kan nyttast til publikumstiltak i kommunal regi.
- Formannskapet deler ut midlane. Formannskapet står fritt til å dele ut tilskot og kan sjølv velje å sjå vekk frå punkta over.
- Vedtaka kan ikkje påklagast.
Mvh
Olav Kiland, næringssjef Nissedal kommune
Sist oppdatert