Velkomen til teater i Nissedal kulturskule!
Nissedal kulturskule tilbyr teaterundervisning for barn og unge frå 4. til 10. trinn.
Deltaking er open for alle som ønskjer å lære meir om skodespel og teater, og vi håpar mange har lyst til å prøve seg! Du treng ingen erfaring frå før – berre interesse og motivasjon!
Vi vil arbeide med teaterøvingar, leik, rollespel, improvisasjon, dramaturgi og skodespelarteknikk. Det vil bli ei framsyning mot sommaren, og til hausten 2025 ønskjer vi å setje opp ein musikal der heile kulturskulen er i sving.
Oppstart tysdag 18. mars i Tambagarommet, Fleirbrukshuset.
- 4.-6. trinn: kl. 17.45-18.45
- 7.-10. trinn: kl. 18.45-19.45
Felicia Alvilde Batt-Rawden vil leie dramagruppa.
.jpg)
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Jolehelsing frå kulturskulen
- Music and Arts School
- Ecole d’arts et de musique
- معهد الموسيقى والثقافة - التسجيل
- Kulturskole
- Музыкальная школа и детский центр культуры: набор учащихся
- Kulturskule
- Musihkka- ja kulturskuvla - sisaváldin
- Müzik ve kültür okulu - kabul
- Kva er "kultur" sitt ansvar?
- Kulturskule
- Anne Margrethe Espelid
- Om Fleirbrukshuset
Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE