Kvardagsglede - kurs

Kurset er i denne omgang for deg som er over 60 år.

Kvardagsglede er eit evidensbasert kurs som fokuserer på dei fem viktigaste aktivitetane for å fremje god psykisk helse og betre livskvaliteten din. Kurset går over fem dagar, og kvar økt varer i om lag to timar.

Kurset er utvikla av Rådet for psykisk helse og er eit samarbeid mellom Rask psykisk helsehjelp Vest-Telemark og Kviteseid kommune. Kurset vert halde av Toril Aasmundstad og Elise Foldøy.

Dette tilbodet er for deg over 60 år som bur i Vest-Telemark.

Meld deg på og få eit løft!

Du er velkomen til å ta kontakt på telefon eller e-post for påmelding eller spørsmål.

Det er plass til 15 personar på kurset, så her er det fyrstemann til mølla!

Kurset er GRATIS.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?