Innbyggarappen Civis

Nissedal kommune brukar nå innbyggarappen Civis for å informere om aktuelle saker, i tillegg til heimesida og Facebook.

Kva er Civis?

Civis er ein applikasjon (app), eller eit program, du kan ha på mobiltelefonen eller nettbrettet ditt.

Appen er gratis, og du vel sjølv kva for kategoriar du ynskjer å få informasjon om. Me har 11 kategoriar du kan velje, det er mellom anna “Kultur og fritid", “Beredskap og krisevarsling”, “Høyringar og politikk” og “Nissedal informerer”.

Det er ein eigen meny i appen som heiter “Sjølvbetening”, der du finn snarvegar til nyttige nettsider. Det er mellom anna snarveg til Kva skjer-kalender, Min eigedom, Iata, Helsenorge med meir.

Slik lastar du ned Civis

Du kan laste ned innbyggarappen på mobiltelefon eller nettbrett. Last ned appen i App Store eller Google Play.

Fylg instruksjonane som kjem opp i appen, for å velje kva for kommunar du ynskjer å få informasjon om, og kva for kategoriar du vil fylgje. Dette kan du endre på når som helst seinare også.

Om du ynskjer å få eit varsel når det blir lagt ut ei ny melding i ein kategori du fylgjer, kan det vera lurt å aktivere varslingar. Dette er noko du vel når du tek i bruk appen fyrste gong, eller du kan inn på varslingsinnstillingane på telefon eller nettbrett for å tillate varslingar.

Treng du hjelp til å laste ned Civis?

Her finn du rettleiing for å laste ned appen på Iphone: Kakadu: Veiledninger for å mestre det digitale - helt gratis Lenke til et annet nettsted.

Her finn du rettleiing for å laste ned appen på android: Kakadu: Veiledninger for å mestre det digitale - helt gratis Lenke til et annet nettsted.

Du kan også ringe, eller kome innom på kommunehuset om du treng hjelp med Civis.

Vel kva for kommune du bur i
Korleis bruke Civis
Slik blir nyheitar vist i Civisappen
Logo Civis

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?