Skjerpa gratisprinsipp i eining for oppvekst og kultur

Opplæringslova § 2-5 regulerer gratis grunnskuleopplæring.

Gjennom arbeidet med ny lov har gratisprinsippet blitt skjerpa, og Statsforvaltaren har gitt kommunane rettleiing om dette. Leiargruppa for oppvekst og kultur har drøfta gratisprinsippet gjennom vinteren 2025 og bestemt at endringane skal gjelde for alle delar av eininga vår.

Gratisprinsippet gjeld når eininga for oppvekst og kultur er arrangørar, men ikkje for reint foreldredrivne arrangement.

Vi har gjort følgjande vedtak, med verknad frå hausten 2025

Gratis skulemat

  • Ungdomsskulen får gratis skulemat, etter vedtak i Nissedal kommunestyre.
  • Mellomsteget ved Tveit skule har hatt tilbod om å kjøpe mat i kantina tre dagar i veka (med unntak av inneverande skuleår, grunna alternative skulebygg). Ordninga for mellomsteget opphøyrer, i påvente av at regjeringa innfører gratis skulemat til alle elevar i grunnskulen.
  • Foreldrebetalt mjølkeordning held fram.
  • Kiosksal i kantina med andre diverse «Tine-produkt» opphøyrer.

Matservering:

Vi skal ikkje be foreldre om å bake kaker eller levere annan type mat til bruk i barnehagen, på skulen eller i kultur. Dette gjeld både i samband med gratisprinsippet og for å sikre at all mat som blir servert til barn og elevar er laga under hygieniske forhold.

Frivillig dugnad:

All dugnad som foreldre blir invitert til skal vere 100 % frivillig, og dette skal bli poengtert sterkt i invitasjonsbrev. Dugnad er for dei som synest det er gøy og har høve til å møte. Ingen foreldre skal oppleve negative ytringar for at dei ikkje deltek på dugnad, korkje frå tilsette i barnehage og/eller skule, eller frå andre foreldre.

Butikkbesøk i storefri:

Ordninga der 10. klasse får lov til å dra på butikken i storefri visse dagar opphøyrer, då dette kan medføre eit press på foreldra om å sende pengar til eleven. Desse elevane får gratis skulemat i kantina kvar dag.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?