Lønstilskot til verksemder - sommarjobb for ungdom
Verksemder kan søke Nissedal kommune om lønstilskot.
Vilkår for å få tilskot:
- Det blir gitt lønstilskot på kr 50,-pr time i minimum 50, maksimum 150 timar.
- Ungdommen må vere fylt 15 år og ut året dei fyller 18 år, og registrert som busett i kommunen.
- Det blir berre gitt lønstilskot for arbeid utført innafor normalperiode for skuleferie.
- For å kunne søke om lønstilskot for ungdom, må tilsetjinga være knytt til eit organisasjonsnummer.
Verksemda forpliktar seg til å betale minimum 80% av kommunen si løn for unge arbeidstakarar og må forplikte seg til å følgje tariffavtale i høve til arbeidsforhold som gjeld for unge arbeidstakarar.
Søknaden skal innehalde namn og fødselsdato på skuleungdommen og sendast til:
Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen
E-post: postmottak@nissedal.kommune.no
Søknadsfrist: 20. mai 2025
Sist oppdatert