Ny avdelingsleiar

Ivar Ståle Hågensen er tilsett som avdelingsleiar for bygg, eigedom og veg, i eining for plan og teknikk.

Han er fødd i 1965 og kjem opphavleg frå Stokmarknes i Nord-Noreg, men bur no i Arendal.

Han har lang erfaring frå bygg- og anleggsbransjen og har stor lidenskap for desse faga. Ivar Ståle har arbeidd med prosjekt for det offentlege, vedlikehald av kommunale og fylkeskommunale bygg, og har vore byggeleiar for bygging av sjukehus og kommunale skular.

Ivar Ståle har tatt fatt på dei kommunale oppgåvene på "strak arm".

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?