Byggesaksbehandlar

Martine Draugedal Tonsiri blei tilsett som byggesaksbehandlar frå 1. februar på interkommunalt plankontor for Kviteseid og Nissedal

Martine er 33 år og kjem frå Kviteseid. Ho har ein bachelor innan bygningsingeniør frå NTNU Gjøvik og har tatt fagskule som teknisk teiknar ved Noroff. Ho har stor interesse for ulike byggesaker og byggeteikningar, og trivast godt i jobben som saksbehandlar.

Kommunane Nissedal og Kviteseid har felles kontor for behandling av byggesaker.

Kontoret ligg i Nissedal kommune, på kommunehuset i Treungen.

Byggesaksbehandlaren vil ha kontortid nokre dagar i veka på kommunehuset i Kviteseid (fortrinnsvis torsdag og fredag). Byggesak vil då vere tilgjengeleg for publikum etter avtale på tlf. eller e- post.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?