Endringar i veke 19 og 20
På grunn av omlegging av straum og vatn vert skulen, biblioteket og Fleirbrukshuset stengt frå måndag 5. mai (veke 19) til og med onsdag 14. mai (veke 20).
Endringar i veke 19 (5. mai - 11. mai):
- Biblioteket er stengt.
- Kulturskulen har teater, dans og piano i Fleirbrukshuset utan straum og vatn. Desse elevane er førebudde på dette. Resten av kulturskulens elevar vert flytta til andre lokasjonar, og får beskjed om kvar dei skal møte opp.
- Ungdomsklubben er stengt onsdag, men har ope fredag og laurdag. Det vert ein kveld på beachen og ein på ungdomshuset.
- Trening i Fleirbrukshuset er stengt.
Endringar i veke 20 (12. mai - 18. mai):
- Biblioteket er stengt.
- Kulturskulen har teater, dans og piano i Fleirbrukshuset utan straum og vatn. Desse elevane er førebudde på dette. Resten av kulturskulens elevar vert flytta til andre lokasjonar, og får beskjed om kvar dei skal møte opp.
- Ungdomsklubben er stengt onsdag, fredag og laurdag.
- Trening i Fleirbrukshuset er stengt til og med onsdag, men ope i tambaga torsdag og fredag. Fleirbrukshallen er stengt heile veka.
- Kino håpar vi på å kunne gjennomføre, og at straum og vatn er tilbake til kl. 17.00 onsdag 14. mai.
Merk:
- Torsdag 15. og fredag 16. mai er Fleirbrukshallen stengt på grunn av opprigg til 17. mai.
- Frå og med veke 19 vert skuleplassen stengt, og inngang til Fleirbrukshuset vert frå baksida. Området bak Fleirbrukshuset vert opna opp igjen, og det er mogleg å køyre opp frå småskulen. Skuleplassen kjem til å bli stengt fram til byggearbeidet er ferdig i august.
Sist oppdatert