Kveldsopen og anonym linje til økonomi- og gjeldsrådgjevar

Ynskjer du kontakt med ein økonomi- og gjeldsrådgjevar?

I mai og juni vil NAV Vest-Telemark opne for at du kan ta direkte kontakt med ein av økonomi- og gjeldsrådgjevarane på ettermiddag og kveldstid.

Samtala kan gjerast anonymt. Dei vil ikkje be om namn, og mobiltelefonen din har innstillingar som kan gjere at den ikkje syner nummeret du ringer ifrå.

Fyrste opne dag er torsdag 22. mai kl. 17-19. Dei to neste dagane du kan ringe er 12. juni og 19. juni til same tid.

Ramma for samtala er alle moglege økonomiske utfordringar. Mange slit økonomisk nå. Ei samtale kan hjelpe med å sortere tankar og sjå moglegheiter der ein trur dei ikkje finst.

Berit Valhovd og Anne Marie Åsheim arbeider dagleg med å gje råd og praktisk hjelp rundt gjeldsproblem i det heile, inkassokrav, trekk i løn, tvangssal, søknadar om gjeldsordning, budsjett og endringsarbeid.

Ring dei, og så snakkar de saman og finn ein veg å gå!

Økonomi- og gjeldsrådgjevarar:

Berit Valhovd
Mobil 90 24 62 43

Anne Marie Åsheim
Mobil 96 01 12 38

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?