Innbyggarappen Civis byttar namn
26. mai 2025 byter Civis namn til Friskus kommune. Appen vil fungere på same måte som i dag, men med ny logo og nye fargar.
Frå latin til vossamål
Vossabedrifta Friskus har teke over ansvaret for innbyggjarappen Civis. I samband med dette vil appen få nytt namn, «Friskus kommune», frå og med 26. mai 2025. Namnebytet gjer det mogleg for innbyggjarar i fleire kommunar å ta i bruk innbyggjarappen.
– Me gjer ei lokal omvending og byter ut latin med vossamål. Ein «friskus» er ein sprek og uredd person med mykje frisk energi og det er akkurat slik me ynskjer å jobbe vidare med appen, fortel dagleg leiar i Friskus, Sigrid Nedkvitne.
Ho understrekar at appen vil fungere akkurat som før:
– Me ynskjer at appen skal halde fram med å vere staden for enkel tilgang på nødvendig informasjon «rett i lomma», uavhengig av bakgrunn og alder. Det vil ikkje endrast, avsluttar Nedkvitne.
Kva betyr dette for meg?
- Det er ingen endring i funksjonalitet
Alle funksjonar og tenester vil vere på same stad som du vanlegvis finn dei. - Appen får ny logo og fargar
Appen vil få ny logo og nye fargar som representerer endringa. - Du må oppdatere appen
Etter 26. mai må du oppdatere appen til den seinaste versjonen for at endringa skal tre i kraft.
Slik oppdaterer du appen
- Opne App Store eller Google Play.
- Søk etter Friskus.
- Trykk på Oppdater for å installere siste versjon.
Om du har aktivert automatisk oppdatering, vil du få melding i appen som minner deg på å oppdatere.
Sist oppdatert