Lokal oppvekstplan for Nissedal kommune

Torsdag 19.06. 25 kunne vi endeleg legge fram vår lokale oppvekstplan for Nissedal kommunestyre. Den blei einstemmig vedteke.

Planen er eit resultat av eit breitt arbeid i mange ulike fora, og vi er trygge på at vi her har ein plan som skapar mål og retning for arbeidet vårt med barn og unge frå 0 år og oppover. Vi stoppar ikkje innsatsen når dei går ut av ungdomsskulen, men held laget kring barnet/den unge så lenge det trengs.

Eg håper du som er forelder, eller berre er interessert i arbeidet vi gjer for barn og unge, vil sjå på planen. Den er dessverre alt for lang, men det syner berre at vi har mange og gode intensjonar. Det er ein detaljert innhaldsoversikt i planen, så kan du plukke ut det du synst er verdt å lese.

Opplever vi at delar av organisasjonen ikkje følgjer intensjonen i oppvekstplanen, skal vi ta tak i dette og skjerpe arbeidet vårt. Men då må vi få rask tilbakemelding av den som oppdagar dette. Derfor ber vi om at de tek raskt kontakt dersom de opplever at intensjonane i denne planen ikkje er synlege ute i tenestene våre.

Saman er vi gode!

Beste helsing,
Reidun Carol Retterholt
Kommunalsjef oppvekst og kultur

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?