Sommaraktivitetar og kulturtenester i sommar

Her finn du informasjon om sommaraktivitetar og kulturtenestene i sommar.

Gratis SOMMARAKTIVITET for barn i juli!

Fleirbrukshuset i Treungen er ope for vårens 1.-7. klasse dei fire fyrste onsdagane i juli: 2/7, 9/7, 16/7 og 23/7.

Det blir ulike aktivitetar i gymsalen og i ungdomsklubblokala. Vi lagar til soner med ulike aktivitetar som kan variere litt frå gong til gong; f.eks ulike brettspel, perling av armband, hår- og neglsalong, teikning, papirflybretting, ulike håndarbeid, ansiktsmåling, baking, bordtennis og shuffleboard.

Binders, skulen og administrasjon for oppvekst og kultur har spleisa på ein stor airtrack til gymsalen som vi håper kjem på plass til sommaraktivitetane! Vi gleder oss til turning og triks på denne!

Servering av gratis pølser i brød og frukt!

Barn frå 1. og 2. klasse bør ha med seg ein vaksen. Vi oppfordrar til samkøyring, men ta kontakt med Lena Holskar Sanden i Binders tlf. 90605447 dersom det likevel blir vanskeleg med skyss for barnet ditt.

Vi gler oss!

  • Iryna, Liv, Grzegorz og Diana - fritidsklubben
  • Ina og Victoria - integreringstenesta
  • Ane - kommunefysioterapeut
  • Anita - helsesjukepleiar
  • Kim Andre - pedagogisk rådgjevar
  • Unge sommarvikarar frå Nissedal Frivilligsentral
  • Lena - prosjektleiar i Binders

SOMMARAKTIVITET FOR UNGDOM 18.00-21.00

Datoar i sommar:

3.7 Ungdomsbasen ute i sentrum. Pizza, Kubb, Ballspel (Nissedal Frivilligsentral Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.)18.00-21.00

10.7 Frisbeegolf på Brekka Gård, Burgere. Oppmøte på Prix for kjøring kl 18.00. (Ungdomsgjengen i Treungen Frikyrkje v/Rut) 18.00-21.00

16.7 Skytebanen, for alle, men påmelding 90621801 (Marie). (Nissedal Jeger- og Fiskarlag Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.)18.00-21.00

25.7 Sandvolleyball på beachen, værforbehold ( Sønderlandgutta m/venner) 18.00-21.00

2.8 Vikodden i Nissedal (Bygdekvinnelaget & Nissedal IL)

9.8 Tube på Fjone Nisser Camping 18.00-21.00

14.8 Lær å kjør gravemaskin på Felle & fisk mens du venter. Ta med fiskestang. 18.00-21.00

Alt er gratis og for deg som skal opp i ungdomskulen -18 år.

Meir info kjem før kvart arrangement.

Oversikt over kulturtenestene

Nissedal folkebibliotek:

Opningstider

  • Måndag: kl. 12.00 – 16.00
  • Onsdag: kl. 12.30 – 18.00

Sommarstengd veke 28, 29 og 30.

Nissedal folkebibliotek ligg ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule. Adresse: Solås 2, 3855 Treungen.

Ved biblioteket er det stor byggeaktivitet, då skulen vert renovert og skal stå ferdig til skulestart haust 2025. Det kan difor sjå ut som ein byggeplass når ein kjem.

Om det skulle skje uføresette ting i byggeprosessen, kan biblioteket stenge med kort varsel.

Ungdomsklubben:

Ungdomsklubben er sommarstengt, og opnar igjen 15. og 16. august. Onsdagsklubb opnar 20. august.

Nissedal kulturskule:

Kulturskulen er sommarstengd, og opnar igjen for undervisning i veke 35.

Fleirbrukshuset:

Fleirbrukshuset er stengt for ordinære aktivitetar i juli og fram til skulestart.

Men, det vil bli gjennomført sommaraktivitet for born arrangert av Binders onsdag i veke 27, 28, 29 og 30.

Ungdom som sit på ein benk

Last ned innbyggarappen Friskus - få info. rett i lomma!

Slik kjem du i gang:

  1. Last ned Friskus i App Store eller Google Play
  2. Vel Nissedal kommune
  3. Kryss av for dei kategoriane du vil følgje
  4. Aktiver varslingar for å få beskjed når noko nytt skjer!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?