Pott for fellestiltak - 2. gongs søknadsrunde
I potten for fellestiltak 2025 er det att kr 200 000,-
I 2025 sette kommunen av kr 330 000,- til pott for fellestiltak, og me har att kr 200 000,- av denne potten.
Desse midlane er søkbare for utbetaling inneverande år. Føremålet med midlane er å styrke tilbod knytt til reiseliv, friluftsliv og folkehelse.
Søknad
Send søknad til: postmottak@nissedal.kommune.no eller via skjemaet Næringsfondet - søknad om tilskot (KF-212) Lenke til et annet nettsted.
Søknadsfrist: 7. september 2025
Retningsliner
- Tiltaka det søkast om midlar til skal treffe eit breitt publikum.
- Tiltak som fremjar folkehelse vil bli prioritert.
- Løyvingane skal primært nyttast til utviklingstiltak.
- Det er eit krav om budsjett til prosjektet det søkast på. Rekneskap/dokumentasjon på utgifter skal sendast kommunen i etterkant.
- Løyvingar til turløyper vil bli prioritert.
- Ved større løyvingar vert det forventa innskoten eigenkapital.
- Midlane kan nyttast til publikumstiltak i kommunal regi.
- Formannskapet deler ut midlane. Formannskapet står fritt til å dele ut tilskot og kan sjølv velje å sjå vekk frå punkta over.
- Tenkte tiltak må vere godkjent i henhald til gjeldande lovverk.
- Vedtaka kan ikkje påklagast.
Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE