Offisiell opning av storskulen – Tveit skule
Måndag 18. august kl. 08.45 vart den ombygde Tveit skule offisielt opna med ei høgtidleg markering.
På fyrste skuledag samla elevar, tilsette, foreldre, byggeleiinga og andre interesserte seg for å feire ei viktig milepæl for lokalsamfunnet.
Rektor og ordførar heldt tale.
Sentrale aktørar i arbeidet vart takka særskilt for sitt engasjement og innsats.
Elevane stod i sentrum for markeringa. Det var tydeleg at både små og store gledde seg over å ta i bruk dei nye og oppgraderte fasilitetane.
Seinare same dag arrangerer rektor open dag (kl. 16.00-18.00), der alle interesserte får høve til å sjå nærare på dei flotte lokala og få innsikt i skulekvardagen.
Tveit skule står no fram som ein moderne og inkluderande læringsarena – klar for framtida!

NISSEDAL KOMMUNE