Viktig informasjon: Endring i fastlegetilbodet
Det er no berre ein fastlege ved Nissedal legekontor, då den eine har avslutta si teneste for kommunen. Det betyr at nokre innbyggjarar mellombels vil stå utan namngjeven fastlege.
Nissedal kommune arbeider aktivt med å få på plass ein ny lege og sikre at alle får naudsynt helsehjelp. Du som pasient vil framleis stå på ei fastlegeliste og få hjelp ved behov – anten frå legekontoret (kommuneoverlegen eller turnuslegen) eller legevakt.
Kva betyr dette for deg?
- Du kan framleis kontakte legekontoret for å bestille time, men det vil vere litt lengre ventetid enn tidlegare.
- Ved akutt behov, ring legevakt på 116 117.
Vi oppdaterer informasjonen fortløpande og vil informere når ny fastlege er på plass.
Takk for forståinga!
Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE