Høyring: Bustadsosial handlingsplan

Frist for innspel 22. september 2025.

Kva er bustadsosial handlingsplan?

Planen skal:

  • sikre ein heilskapleg bustadpolitikk, med god utnytting av kommunens bustadmasse og effektiv bruk av ressursar og verkemiddel.
  • etablere ein felles strategi for bustadsosialt arbeid, og integrere dette i kommunens øvrige planverk.
  • definere mål og tiltak for å møte bustadbehovet til vanskelegstilte, gjennom varierte butilbod i trygge bumiljø.

Kvifor er dette viktig?

Å ha ein trygg og god bustad er ein føresetnad for god helse, utdanning, arbeid og deltaking i samfunnet. Den einskilde har ansvar for å skaffe seg ein stad å bu, men kommunen har eit ansvar for å legge til rette for at også dei som treng hjelp, får nødvendig bistand – slik at dei kan meistre eigne liv.

Planen støttar opp om nasjonale mål og relevante mål i Kommuneplanens samfunnsdel 2020–2031.

Send innspel innan 22. september 2025

Vi ønskjer innspel frå innbyggjarane! Har du synspunkt, forslag eller kommentarar til planen?

Send dei via:

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?