Ny fastlege på legekontoret
Me har tilsett Camilla Kjeldgaard Samuelsen (29) frå Åmli som fastlegevikar i den ledige stillinga på legekontoret.
Camilla skal i første omgang vere vikar fram til ho skal gjennomføre eit år i turnusteneste på sjukehuset. Når ho har fullført turnustenesta vil ho kome tilbake som fastlege ved legekontoret.
Kommunen ser på denne tilsetjinga som eit ledd i ei langsiktig satsing på å sikre gode og stabile helsetenester for innbyggjarane. Camilla vil inngå i eit fagleg fellesskap saman med kommuneoverlege Andreas Myklebust og turnuslege Badusa Baskaran, og vi ser fram til eit godt samarbeid til beste for pasientane og lokalsamfunnet.

Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE