Oppstart av barselgruppe etter sommaren
Biblioteket ved Tveit skule – ein inkluderande møteplass for småbarnsforeldre.
Helsesjukepleiar Anita H. Haugsjå inviterer til faste barseltreff ein gong i månaden på biblioteket ved Tveit skule. Samlingane finn stad ein måndag i månaden, meir informasjon finn du her.
Barselgruppa er eit gratis tilbod til alle som har fått eller ventar barn i 2025 eller 2026. Målet med gruppa er å legge til rette for erfaringsutveksling, deling av kvardagstips og bygging av sosiale nettverk mellom småbarnsforeldre.
Det er ofte flest mødre som deltek, men fedre er sjølvsagt også velkomne, seier helsesjukepleiar Anita H. Haugsjå.
Biblioteket er ein fin og uformell møteplass, og det er alltid god stemning på treffene.
Her er nokre glimt frå dei første samlingane:
%20Barselgruppe%20sept.%202025%20-%20damene.jpg)

Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE