Vaksinasjon hausten 2025
Me har tilbod om vaksinasjon mot influensa, korona og pneumokokk-sjukdom for innbyggjarar i målgruppene.
Frå og med hausten 2025 er dette ein del av det nye nasjonale vaksinasjonsprogrammet for vaksne.
Les meir om kven som er i målgruppene for dei ulike vaksinane lenger ned i artikkelen.
Nytt i år:
- Covid-19 vaksina er ikkje lenger gratis.
- Covid-19 vaksina blir no berre anbefalt spesielt for aldersgruppa frå 75 år, samt alle aldersgrupper med underliggande sjukdom som gjev større risiko for alvorleg forløp av koronasjukdom.
- Vaksinasjon mot pneumokokksjukdom er eit tilbod til alle i eitt bestemt årskull, og i år gjeld dette personar fødd i 1960. Framover vil tilbodet gjelde alle som fyller 65.
Stad: Legekontoret
Tid:
- Onsdag 22. oktober kl. 08.30 –14.30
- Torsdag 23. oktober kl. 12.30 – 17.30
Timebestilling:
Ring legekontoret på telefon 350 48 420 eller legg inn timeønske via Helse Norge (Helsenorge – din helse på nett - Helsenorge Lenke til et annet nettsted.).
Ved feber eller akutt infeksjon, bør ein vente med vaksinering til ein er feberfri.
Prisar
Me nyttar dei rettleiande prisane frå folkehelseinstituttet:
- Influensavaksine 300
- Koronavaksine 110 (kr. 85 v/ samvaksinasjon)
- Lungebetennelse 110 (kr. 85 v/ samvaksinasjon), for personer f. 1960
Samvaksinasjon vil sei at du tar to vaksiner på same tid.
I tillegg kjem eigenandel på 64 kr. for dei som ikkje har frikort.
Vaksiner og målgrupper
Influensavaksine
- Alle som har fylt 65 år
- Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko
- Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før svangerskapsveke 32, frå dei er 6 mnd. gamle og til dei er 5 år.
- Vaksne og barn med:
- Kronisk lungesjukdom (også astma)
- Kronisk hjerte/karsjukdom (utanom velregulert høgt blodtrykk), særleg personar med alvorleg hjertesvikt, lågt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon
- Diabetes type 1 og 2
- Kronisk lever eller nyresvikt
- Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, særleg ved nedsatt lungekapasitet eller hostekraft
- Nedsatt immunforsvar
- Svært alvorleg fedme (KMI over 40)
- Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa kan utgjere ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
- Helsepersonell (får tilbod på arbeidsplassen)
- Personar som bur saman med immunsupprimerte
- Svinerøktarar eller andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
- Personar som jobbar med mistenkt eller stadfesta influensasjuk tamfugl
Koronavaksine
Tilbod til innbyggarar over 75 år, samt alle aldersgrupper med underliggande sjukdom som gjev større risiko for alvorleg forløp av koronasjukdom:
- Bebuarar i omsorgsbustad eller sjukeheim
- Kronisk hjerte/karsjukdom (utanom velregulert høgt blodtrykk), til dømes hjartesvikt eller hjerneslag
- Diabetes, særleg dårleg kontrollert sjukdom eller seinkomplikasjonar
- Kronisk alvorleg lever- eller nyresjukdom
- Kronisk alvorleg nevrologisk sjukdom, særleg personar med nedsett funksjonsnivå, lungekapasitet eller hostekraft
- Nedsatt immunforsvar
- Fedme med KMI over 35
- Annan alvorleg eller kronisk sjukdom etter individuell vurdering av lege
- Personar frå 65-74 år er ikkje lenger anbefalt å ta vaksina, men kan likevel få tilbod om å ta vaksina om dei ynskjer det
- Personar som fell utanfor målgruppene over, vil ikkje få tilbod om å ta Covid-19 vaksina i år.
Pneumokokkvaksine
Vaksinen beskyttar mot pneumokokkbakterien, som kan forårsake lungebetennelse, blodforgiftning og hjernehinnebetennelse.
Merk at det berre er personar som er fødd i 1960 som får vaksina til redusert pris gjennom vaksinasjonsprogrammet for vaksne i år.
Andre må ta kontakt med fastlegen for å vurdere om dei er i målgruppa, og få resept på vaksine slik som før.
Les meir om Pneumokokksjukdom her Lenke til et annet nettsted.
Oversikt over dine vaksiner?
Du kan sjekke kva vaksiner du har tatt ved å logge inn på helsenorge.no Lenke til et annet nettsted.. Har du barn under 16 år, kan du også sjå deira vaksiner.
Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE