Vaksinasjon hausten 2026

Me har tilbod om vaksinasjon mot influensa-, korona- og pneumokokk-sjukdom for innbyggjarar i målgruppene.

Frå og med hausten 2025 blei dette ein del av det nye nasjonale vaksinasjonsprogrammet for vaksne.

Voksenvaksinasjonsprogrammet er eit tilbod til vaksne og barn som på grunn av alder eller helsetilstand har økt risiko for å utvikle alvorleg sjukdom hvis dei får influensa, korona eller pneumokokksykdom.

Tid:

  • Tysdag 27. oktober kl. 08.30 – 14.30
  • Torsdag 29. oktober kl. 12.30 – 17.30

Desse vaksinane inngår i programmet:

Influensavaksine

Influensavaksine blir tilbydd til:

  • Alle over 65 år
  • Barn og vaksne i risikogrupper.

Les mer om influensavaksinenLenke til et annet nettsted. Lenke til et annet nettsted.

Koronavaksine

Koronavaksine blir tilbydd til:

  • Alle over 75 år
  • Barn og vaksne i risikogrupper
  • Personar i aldersgruppa 65–74 år som ikkje tilhøyrer ei risikogruppe, men som ønskjer å ta vaksinen.

Les mer om koronavaksinenLenke til et annet nettsted. Lenke til et annet nettsted.

Pneumokokkvaksine

Pneumokokkvaksine blir tilbydd til:

  • personar fødde i 1961
  • personar fødde i 1960 som ikkje nytta seg av tilbodet i 2025.

Les mer om pneumokokkvaksinenLenke til et annet nettsted. Lenke til et annet nettsted.

Målet med vaksinasjonsprogrammet er å forebygge sykdom og dødsfall.»

Stad: Legekontoret

Timebestilling:

­Ring legekontoret på telefon 350 48 420 eller legg inn timeønske via Helse Norge (Helsenorge – din helse på nett - Helsenorge Lenke til et annet nettsted.).

Ved feber eller akutt infeksjon, bør ein vente med vaksinering til ein er feberfri.

Prisar
Me nyttar dei rettleiande prisane frå folkehelseinstituttet:

  • Type vaksinasjon

    Eigenbetaling (kr)

    Sesonginfluensa*

    308

    Covid-19

    110

    Covid-19 samvaksinasjon

    85

    Pneumokokksykdom som inngår i voksenvaksinasjon

    110

    Pneumokokksykdom samvaksinasjon

    85

Vaksiner og målgrupper

  • Alle som har fylt 65 år
  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før svangerskapsveke 32, frå dei er 6 mnd. gamle og til dei er 5 år.
  • Vaksne og barn med:
    • Kronisk lungesjukdom (også astma)
    • Kronisk hjerte/karsjukdom (utanom velregulert høgt blodtrykk), særleg personar med alvorleg hjertesvikt, lågt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon
    • Diabetes type 1 og 2
    • Kronisk lever eller nyresvikt
    • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, særleg ved nedsatt lungekapasitet eller hostekraft
    • Nedsatt immunforsvar
    • Svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa kan utgjere ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
  • Helsepersonell (får tilbod på arbeidsplassen)
  • Personar som bur saman med immunsupprimerte
  • Svinerøktarar eller andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
  • Personar som jobbar med mistenkt eller stadfesta influensasjuk tamfugl

Tilbod til innbyggarar over 75 år, samt alle aldersgrupper med underliggande sjukdom som gjev større risiko for alvorleg forløp av koronasjukdom:

  • Bebuarar i omsorgsbustad eller sjukeheim
  • Kronisk hjerte/karsjukdom (utanom velregulert høgt blodtrykk), til dømes hjartesvikt eller hjerneslag
  • Diabetes, særleg dårleg kontrollert sjukdom eller seinkomplikasjonar
  • Kronisk alvorleg lever- eller nyresjukdom
  • Kronisk alvorleg nevrologisk sjukdom, særleg personar med nedsett funksjonsnivå, lungekapasitet eller hostekraft
  • Nedsatt immunforsvar
  • Fedme med KMI over 35
  • Annan alvorleg eller kronisk sjukdom etter individuell vurdering av lege
  • Personar frå 65-74 år er ikkje lenger anbefalt å ta vaksina, men kan likevel få tilbod om å ta vaksina om dei ynskjer det
  • Personar som fell utanfor målgruppene over, vil ikkje få tilbod om å ta Covid-19 vaksina i år.

Vaksinen beskyttar mot pneumokokkbakterien, som kan forårsake lungebetennelse, blodforgiftning og hjernehinnebetennelse.

Merk at det berre er personar som er fødd i 1960 som får vaksina til redusert pris gjennom vaksinasjonsprogrammet for vaksne i år.

Andre må ta kontakt med fastlegen for å vurdere om dei er i målgruppa, og få resept på vaksine slik som før.

Les meir om Pneumokokksjukdom her Lenke til et annet nettsted.

Oversikt over dine vaksiner?

Du kan sjekke kva vaksiner du har tatt ved å logge inn på helsenorge.no Lenke til et annet nettsted.. Har du barn under 16 år, kan du også sjå deira vaksiner.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?