Eigenberedskapsveka 2025
I veke 44 (frå måndag 27. oktober til søndag 2. november) blir beredskapsveka arrangera. Tema for årets kampanje er felles eigenberedskap, og ordet beredskapsvenn er sentralt. Kampanjen vil ha fokus på å nå unge under 30 år.

Kva er det eigentlig vi bør førebu oss på?
Sjølv om det meste fungerer godt i Noreg, kan ulike kriser føre til at alle tenestene som vi tar for gitt, kan bli borte i kortare eller lengre periodar. Slike kriser kan til dømes vere ekstremvêr, pandemiar, ulykker, sabotasje og i verste fall krigshandlingar. Vi bør førebu oss på å klare oss sjølve i ei veke – utan til dømes straum, vatn, kloakk, internett, mobilnett og betalingsløysingar.
Kva bør du gjere?
Tenk igjennom kva hendingar som kan oppstå, og planlegg for å kunne ta vare på deg sjølv og dei rundt deg i minst ei veke ved bortfall av ein eller fleire av tenestene nemnd over. Beredskapen i Noreg bygger på at alle tar ansvar og bidrar – det inkluderer myndigheiter, organisasjonar, verksemder og privatpersonar.
Bli ein beredskapsvenn
Å vere ein beredskapsvenn betyr å bry seg litt ekstra – å ta ansvar for deg sjølv, men også for naboar, venner og familie som kan trenge hjelp i ein krisesituasjon. Finn ut kven du kan hjelpe og kven du kan få hjelp av.
Dette kan beredskapsvener hjelpe kvarandre med:
- Fyrstehjelp ved skadar
- Omsorg og støtte
- Opphald og overnatting ved evakuering frå eigen bustad
- Omsetjing og forklaring av informasjon frå myndigheitene
- Praktisk hjelp til bruk av utstyr og verktøy
- Innkjøp, bering og transport
- Byte eller bytelån av utstyr og varer
- Lån av mobiltelefon som er kopla til eit anna nett enn ditt
- Felles matlaging
Fakta om Eigenberedskapsveka 2025
- Ei årleg kampanjeveke med informasjon og aktivitetar om eigenberedskap
- Målet er å auke kunnskapen og bevisstheiten i befolkninga, slik at fleire gjer konkrete førebuingar for å klare seg sjølv i éi veke
- Veka er initiert av DSB, men kommunar, sivilforsvarsdistrikt og frivillige organisasjonar over heile landet gjennomfører aktivitetar og informasjonstiltak
- Årets tema er felles eigenberedskap – beredskapsven
- På dsb.no/eigenberedskap. finn du mange gode tips om korleis du kan styrkje eigenberedskapen din Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE