ALLEMED-dugnad
Velkomen til ALLEMED-kveld på Solborg ungdomshus, 5. november kl, 18.00!
Fritidserklæringa sitt mål er at alle barn, uavhengig av foreldra sin sosiale og økonomiske situasjon, skal ha moglegheit til å delta jamleg i minst éin organisert fritidsaktivitet.
Alle barn har rett til ein god oppvekst med ei meiningsfull fritid, der dei får oppleve meistring og høyre til eit fellesskap. Forsking og statistikk viser at ein del barn ikkje deltek i organiserte fritidsaktivitetar på grunn av ulike barrierar. På dugnaden skal frivillige lag og organisasjonar, barn og unge frå elevrådet og ungdomsrådet, foreldre, kommunalt tilsette, politikarar og næringsliv kome saman for å bruke dialogverktøyet ALLEMED. Vi ynskjer å skape diskusjon, medvit og finne løysingar på korleis vi i fellesskap kan jobbe for å få alle barn og unge med i organiserte fritidsaktivitetar. Saman kan vi styrke kvarandre til det beste for våre barn og unge!
Enkel servering - Velkomen!

Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE