Levande landskap - levande næringar

Inspirasjonsseminar 24. november 2025

Vest-Telemarkrådet og Telemark fylkeskommune inviterer reiselivsaktørar, bønder og alle interesserte til eit felles inspirasjonsseminar om landbruk og reiseliv i samspel for levande landskap og næringar!

Velkomne til Granvin kulturhus i Seljord, 24. november 2025

Enkel servering frå kl 18.00. Seminar kl. 19.00-21.30.
Arrangementet er gratis - alle er hjarteleg velkomne!

Program

  • Velkomen v/regionnestleiar i Vest-Telemarkrådet og ordførar i Seljord kommune Solveig Sundbø Abrahamsen
  • Presentasjon av Vest-Telemarkrådet
  • Bønder, bygder og berekraft – korleis landbruket formar samfunnsutviklinga v/ Bjørn Egil Flø, NIBIO
  • Lokalmat og reiseliv i den regionale landbruksstrategien v/ Anne Skaug Nisi, Telemark fylkeskommune
  • Ansvarleg marknadsføring og besøksforvalting v/ Mona Birgitte Rasmussen, Telemark fylkeskommune
  • Verkemiddel for berekraftig vekst i landbruk og reiseliv v/ Irene Siljan, Innovasjon Norge
  • Seterdrift for auka verdiskaping på ein fjellgard v/ Ingebjørg Håvardsrud

Det blir kaffi og kake i pausa.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?