Bispevisitas i Nissedal sokn
Biskop Stein Reinertsen har bispevisitas i Nissedal sokn, og hadde i dag møte med politisk- og administrativ leiing i Nissedal kommune.
Det er tette band mellom kyrkje og kommune. Difor er det alltid ein del av visitasprogrammet å møte mellom kommunen sin politiske og administrative leiing.
Dagens møte var i flotte rammer i kommunen sin kommunestyresal. Biskopen trakk opp betydninga av samarbeid ut frå det enkle spørsmålet til ordførar: "får Nissedal kommune til å gjere alt du meiner bør gjerast i kommune ?"
Nede frå venstre: soknerådsleiar Gerd Irene Sønderland, ordførar Ian Parry- Jones, biskop Stein Reinertsen, dagleg leiar Nissedal frivilligsentral Renate Hassel og kommunalsjef Velferd Hannelore Skeimo.
Bak frå venstre: kyrkjefagsjef Trine Syvertsen, kyrkjeverje Bente Meyer, sokneprest Rasmus Rustad, prost Asgeir Sele, kommunalsjef oppvekst og kultur Reidun Carol Retterholt, prostidiakon Eilev Erikstein og kommunedirektør Sverre Sæter
Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE