Røykeforbod på leikeplassar og utandørs idrettsområde
Helsedirektoratet informerer om at det frå 1. januar 2026 blir forbode å røyke på leikeplassar og utandørs idrettsområde. Forbodet gjeld også for e-sigaretter og vape.
Kvifor kjem forbodet?
Hovudformålet med å utvide røykeforbodet til desse områda er å beskytte barn mot passiv røyking.
Tilsyn:
Kommunen og Sysselmesteren skal føre tilsyn med at forbodet vert overhalde.
Vi oppmodar alle til å respektere forbodet og bidra til eit trygt og røykfritt miljø for barn og unge.

Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE