Iskald juletradisjon
Niandeklassingar i Nissedal på «RS Trygg i vatn»-kurs
Nissedal: 21 elevar frå 9. trinn ved Nissedal ungdomsskule gjennomførte nyleg «RS Trygg i vatn» i vinterlege omgjevnader ved og i innsjøen Nisser (Noregs trettande største innsjø). Med minusgrader i lufta og fire grader i vatnet fekk elevane verdifull opplæring i trygg ferdsel på og i kaldt vatn.
Elevane følgde Nisserstien ned til Redningsselskapet sin rigg, der tre instruktørar tok imot dei – iførte nisseluer. Totalt var ti personar i vatnet, inkludert elevar og lærarar. Aktiviteten vart gjennomført i samarbeid med frivillige og hovudinstruktør Lars Magne Ullvang i Region Sørøst i Redningsselskapet, og heile organisasjonen følgde arrangementet via ei direktesending.
– Dette handlar om livsviktig kompetanse. Mange barn og unge ferdast ved vatn heile året, og kunnskap om eiga tryggleik kan redda liv, seier Christoffer Bruenech, rådgjevar i Region Sørøst.
Instruktørar under kurset var Bruenech, hovudinstruktør Lars Magne Ullvang og Andrea Sundsli, lektorstudent og masterstudent ved Universitetet i Agder – som tidlegare sjølv har vore elev ved Tveit skule.
Under øvingane lærte elevane mellom anna korleis ein skal opptre i kaldt vatn, korleis ein hjelper andre på ein trygg måte, og korleis ein bevarer roen i krevjande situasjonar.
Etter fullført kurs venta juleball for elevane. Lærar Cathrine Strandkås og instruktørane frå RS sørgde for kaffi, gløgg, julekaker og julemusikk, og eit bål bidrog til å varma opp deltakarane etter økta i vatnet.
– Elevane bestod med glans og viste både mot, samarbeid og god forståing for tryggleik, seier hovudinstruktør Lars Magne Ullvang.
Både elevar og arrangørar håpar tiltaket kan bli ein fast førjulstradisjon i Nissedal. For å få dette til vidare, vert det håpa på støtte frå lokale krefter.
Fakta:
- Stad: Redningsselskapet, Nisser (Nissedal kommune)
- Deltakarar: 21 elevar frå 9. trinn, Tveit ungdomsskule
- Vasstemperatur: ca. 4 °C
- Lufttemperatur: ca. –3 °C
- Instruktørar: Christoffer Bruenech, Lars Magne Ullvang og Andrea Sundsli

Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE