ALLEMED i Nissedal kommune
Nissedal kommune vart ein ALLEMED-kommune i 2025, som ein del av den nasjonale satsinga for å sikre at alle barn og unge kan delta i fritidsaktivitetar – uavhengig av økonomi.
Prosjektleiar i Binders har hatt jamlege møte med ALLEMED gjennom året og 5. november samla vi politikarar, frivillige lag og organisasjonar, FAU, ungdomsrådet og tilsette frå ulike einingar for å arbeide saman om endå meir inkluderande fritidstilbod.
På dugnaden kartla deltakarane kva som allereie fungerer godt i Nissedal, som breitt aktivitetstilbod, tett samarbeid rundt barn og unge og gode støtteordningar som kontingentkassa. Gjennom dialog og gruppearbeid blei det òg peikt på barrierer som kan hindre deltaking, og kva konsekvensar dette kan få for både barn, familiar og lokalsamfunnet.
Deltakarane stemte fram tre prioriterte tiltak som kommunen og samarbeidspartnarane vil jobbe vidare med:
- Kinobillettar til alle – ei universell ordning som gir barn og unge høve til å gå gratis på kino 1 gong pr. år.
- Vidareutvikling av kontingentkassa – gjere ordninga endå meir inkluderande og mindre stigmatiserande.
- Årleg møteplass for frivilligheita – for å styrke samarbeid og arbeidet med inkluderande fritidstilbod.
Nissedal kommune vil halde fram samarbeidet med ALLEMED gjennom 2026, og oppmodar alle lag og organisasjonar til å bruke ALLEMED-verktya for å skape endå fleire moglegheiter for barn og unge. https://www.allemed.no/verktoykasse Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE