Faste innbyggarmøte – dialog mellom kommunen si administrative leiing og innbyggarar

Nissedal kommune startar med faste innbyggarmøte to gonger i året. Her får du informasjon om aktuelle saker – og kan dele dine innspel direkte med kommuneleiinga. Send oss dine forslag til tema og bli med i dialogen!

Korleis fungerer det?

Vi arrangerer to møte i året:

  • Vårmøte 16. april - Frist for innspel: 7. april
  • Haustmøte 22. oktober - Frist for innspel: 12. oktober

Møta blir opne for alle innbyggarar i Nissedal kommune.

Tema for møta vil vere saker som er viktige for kommunen og innbyggarane.

Vi vil ha dine innspel! For at møta skal vere mest mogleg relevante, ber vi deg sende inn forslag til tema du ønskjer informasjon om eller vil diskutere. Det kan vere alt frå kommunale tenester, planarbeid, næringsutvikling, klima og miljø, til kulturtilbod eller andre spørsmål du meiner er viktige.

Kvifor innbyggardialog?

Vi ønskjer å:

  • gje god informasjon om kommunale saker
  • lytte til innbyggarane sine synspunkt
  • skape ein open og konstruktiv dialog mellom kommuneleiinga og innbyggarane.

Velkommen til å delta

Slik sender du inn forslag:

  • Bruk skjemaet under
Personopplysningar (frivillig, men nødvendig for oppfølging og tilbakemelding)
Personopplysningar (frivillig, men nødvendig for oppfølging og tilbakemelding)