Rv 41 Ny Tveitsund bru - Varsel om utviding av planområde

Statens vegvesen utarbeider detaljreguleringsplan for riksveg 41 på strekninga Lauvdalen – Tveitsund. Det er naudsynt med noko meir areal i reguleringsplanen enn fyrst anteke, og vi varslar om utviding av planområde.

Vi viser og til varslingsbrev av 09.10.2024.

Bakgrunn
Bakgrunn for utvidinga av plangrensa er at det er behov for meir areal enn fyrst anteke. Planområdet utvidast ein stad, sjå utsnitt i fig.1. Grunngjeving er behov for justering av  gang- og sykkelveg ved nytt kryss.
Tilleggskunngjeringa har eit areal på ~0,3 daa, og omfattar delar av følgande gnr./bnr.: 33/293, 33/98, 33/55. Etter utvidinga har planområdet eit samla areal på om lag 380 daa.

Gjeldande planstatus
Arealet som omfattast av tilleggskunngjeringa er avsett til Institusjon, friluftsområde og bustad, av reguleringsplan for Treungen Sør av 29.03.2012 (plan ID 2012002).

De kan òg lesa kunngjeringa på www.vegvesen.no/vegprosjekter/hoeringer-vegprosjekter/

Ta gjerne kontakt 
Eventuelle spørsmål til planarbeidet kan rettast til planleggingsleiar Torbjørn Holte, mobil 952 19 623, e-post: torbjørn.holte@vegvesen.no

Planprosess, framdrift og frist for innspel/merknader 
Merknader til planarbeidet sendast skriftleg til Statens vegvesen innan 09.02.26 anten på brev til: 
₋ Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer
eller på e-post til
₋ firmapost@vegvesen.no
Merk brevet eller e-posten med saksnr. 24/164674

 

Utsnitt som viser utviding av plangrense (blå line). Raud line er tidlegare kunngjort plangrense.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?