Rv 41 Ny Tveitsund bru - Open kontordag
Statens vegvesen inviterer til open kontordag for Rv. 41 Ny Tveitsund bru i samband med reguleringsplanarbeidet.
Du vel sjølv kva du ønskjer å prate med oss om - til dømes status, bruløysing, adkomstar eller noko anna. Nissedal kommune vil òg vere representerte på kontordagen.
Lurer du på noko om planarbeidet, er det berre å møte opp.
Vi byr på enkel servering.
Tidspunkt: tysdag 14. april, mellom klokka 14 og 18. Du kan kome når du vil i dette tidsrommet.
Stad: Nissedal kommune, kommunehuset

Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE