Søknadsfrist fellespott 2026
Nissedal kommune har sett av 330 000,- til «pott for fellestiltak».
Desse midlane er søkbare for utbetaling inneverande år. Føremålet med midlane er å styrke tilbod knytt til reiseliv, friluftsliv og folkehelse. Midlane blir tildela etter vedlagte retningsliner.
Send søknad til: postmottak@nissedal.kommune.no
Søknadsfrist: 19. april
Retningsliner
- Tiltaka det søkas om midlar til skal treffe eit breitt publikum.
- Tiltak som fremjar folkehelse vil bli prioritert.
- Løyvingane skal primært nyttast til utviklingstiltak.
- Det er eit krav om budsjett til prosjektet det søkast på.
Rekneskap/dokumentasjon på utgifter skal sendast kommunen i etterkant. - Løyvingar til turløyper vil bli prioritert.
- Ved større løyvingar vert det forventa innskoten eigenkapital.
- Midlane kan nyttast til publikumstiltak i kommunal regi.
- Formannskapet deler ut midlane. Formannskapet står fritt til å dele ut tilskot og kan sjølv velje å sjå vekk frå punkta over.
- Vedtaka kan ikkje påklagast.

Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE