Nissedal kommune er miljøfyrtårn
Nissedal kommune er no sertifisert som Miljøfyrtårn – ein viktig milepæl i arbeidet vårt for ein meir berekraftig kommune.
Arbeidet fram mot sertifiseringa har vore både omfattande og lærerikt for administrasjonen, og har gitt oss betre innsikt i korleis vi kan redusere miljøpåverknaden vår og arbeide meir systematisk med klima og miljø i kvardagen. Det er hovudorganisasjonen som nå er miljøsertifisert. Einingane som legekontor, omsorgssenter, barnehagar, skular og kommuneverkstad, må gjennom sertifiseringsarbeid seinare. Miljøfyrtårnsertifiseringa er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit viktig steg vidare i arbeidet med å utvikle Nissedal som ein berekraftig og framtidsretta kommune – til beste for både innbyggjarar og komande generasjonar.
I dag markerer vi miljøfyrtårn-godkjenninga med skiltet vi har fått til kommunehuset - kommunedirektør Sverre Sæter, miljøfyrtårnansvarleg og kommunalsjef for plan og teknikk Gunhild Austjord, samt avdelingsleiar Ivar Ståle Hågensen.

Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE