Fokus på inkludering

I vekene 23 og 24 vil vi i Nissedal kommune ha ekstra fokus på inkludering.

Med inkludering meiner vi å aktivt jobbe mot eit samfunn der alle menneske, uavhengig av bakgrunn, funksjonsevne, kjønn, alder, seksualitet eller tru, har like moglegheiter til å delta, føle at ein høyrer til og at ein kan bidra. Vi ynskjer å sette fokus på fellesskap og mangfald, der barrierar for deltaking blir bygde ned.

Med ulike arrangement håpar vi at du har lyst til å vere med på inkluderingsveker 2026.

I veke 24 kan du delta på desse arrangementa:

8. juni: Avlyst - Fellestur til Hjashufs med prostidiakon Eilev Erikstein og Topptur Nissedal er avlyst. Eilev kjem i staden til Bygdepride 13. juni

8. juni – 13. juni: Turbingo med Nissedal Frivilligsentral med trekking av premiar på laurdag 13. etter bygdepride-tog.

  • 10. juni: Barnedisco for bhg – 4. klasse på Ungdomshuset Solborg i arrangert av U.L Vårsol. kl. 16 - 19. Det vert servering av mat og drikke og skikkeleg disco. Arrangementet er gratis.

11. juni: Kulturskulekonsert på ungdomshuset Vårsol kl. 18.00, arrangert av Nissedal kulturskule.

13. juni:

Kl. 12.30: Nissedal Bygdepride arrangerer bygdepridetog frå Kåsasletta til Treungen sentrum. Tale for dagen ved ordførarar Ian Parry-Jones, prostidiakon Eilev Erikstein og kultursjef Anne M Espelid

kl. 14.00: Tur til Oslo og VG-lista for ungdom frå 7. - 10. klasse i kommunen. For dei som er påmeldt. Gratis tur.

kl. 18.00: Bygdepridefest på ungdomshuset med Berit Bislet og Solveig Floppen. kr. 100 i inngang. 18 års grense.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?