Landvik bru - RV 41 i Treungen - Søknad om dispensasjon

Statens vegvesen (SVV) jobbar med planar for utbetring av Landvik bru på Rv 41 i Treungen. I samband med dette blir det søkt om dispensasjon frå gjeldande arealplanar i området. Søknaden er nå sendt på høyring og frist for uttale er sett til 31. Juli 2026.

Statens vegvesen (SVV) vurderer den eksisterande brua på Landvik, der RV 41 kryssar Tveitåne, som utsett for flaum. Vegen over brua er i tillegg ikkje i samsvar med dagens standardkrav for ein riksveg. SVV ynskjer difor å skifte ut dagens bruløysing med ein kulvert, som både gjev naudsynt tryggleik for flaum og samstundes kan koplast på ein oppgradert riksveg nord og sør for bustaden.

Grovt sett ligg tiltak i å leggje en breiare veg over ei ny elvekryssing. Samstundes blir eksisterande GS-veg langs riksvegen og utforming av kryss tilpassa krava til dagens standard. Tveitåne skal krysse vegen i ein kulvert i staden for dagens løysing med to bruer, kulverten krev ei lita endring i elvefåren samt innspleising mot eksisterande elvemur. Eksisterande VA-anlegg må ein tilpasse pga kollisjonar med ny kulvert. Dette krev delvis omlegging inn mot eksisterande brukarar.

I anleggsperioden vil GS-vegen over Landvik bru og Sollivegen vere stengd for mjuke trafikantar. Det vil bli etablert ei mellombels GS-løysing frå avkjøyring til skulen (Treungvegen 475), via hagen til Treungvegen 481 med mellombels gangbru over Tveitåne og nordover til tilkomsten til Sollivegen 1. Her møter mellombels løysing den eksisterande GS-vegen langs Sollivegen. Det vil i tillegg etablerast ei mellombels løysing for å komme inn på GS-vegen nordover langs RV 41 via Sollivegen 2 (NOS). Ein planlegg mellombels køyretrafikk i fleire faser:

  • I fase 0 går køyretrafikken framleis på eks. veg, mens ein held på med å byggje mellombels veg. Eks. GS-bru over Tveitåne blir reve og kulvert etablerast i den austre delen av elvekryssinga. Ein etablerer ein mellombels køyreveg med to køyrefelt for 30 km/t her, denne vil delvis liggje på grunnen til Treungvegen 481.
  • I fase 1 blir køyretrafikken omdirigert på omkøyringsvegen som ein har etablert i fase 1. Ein kan no rive køyrebrua og etablere kulverten i nedstraums del. Ein etablerer ei mellombels løysing for køyrebane til bruk i fase 2.
  • I fase 2 blir mellombels køyreveg frå fase 1 fjerna og erstatta med varig løysing for GS-veg, samt grøft mellom GS-veg og køyreveg.
  • I fase 3 blir trafikken leia inn på varig løysing for mjuke trafikantar og køyrande. Mellombelse løysingar blir fjerna.

Søknad om dispensasjon pdf, 303 kB, åpnes i nytt vindu.
Tiltaksgrense pdf, 263 kB, åpnes i nytt vindu.
Landskapsplan pdf, 456 kB, åpnes i nytt vindu.
Omkøyring fase 1 pdf, 379 kB, åpnes i nytt vindu.
Omkøyring fase 2 pdf, 327 kB, åpnes i nytt vindu.
Detaljkart pdf, 643 kB, åpnes i nytt vindu.
Oversiktskart Landvik bru pdf, 5 MB, åpnes i nytt vindu.
ROS-analyse pdf, 1 MB, åpnes i nytt vindu.
Hydrologisk rapport pdf, 3 MB, åpnes i nytt vindu.
Rapport naturmangfald pdf, 1 MB, åpnes i nytt vindu.
Plan Rv 41 (fyrste utkart - 19.06.26) pdf, 1 MB, åpnes i nytt vindu.
Konstruksjonsløysing pdf, 439 kB, åpnes i nytt vindu.

 

Landvik bru

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?