Pressemelding
Thea Fjørtoft engasjert som programleiar for Lyft.

Nissedal, 24.06.26 – Thea Fjørtoft er tilsett som programleiar for Lyft, omstillingsprogrammet i Nissedal.
Fjørtoft har brei bakgrunn frå kulturlivet og røynsle frå tilsvarande omstillingsprosessar. Ho har òg god kjennskap til det regionale og statlege verkemiddelapparatet – kompetanse som vil vera avgjerande for at Lyft skal lukkast med omstillingsarbeidet i Nissedal.
Lyft har som mål å styrkja bulysta, bustadmarknaden og arbeidsmarknaden i Nissedal, og leggja til rette for at fleire ynskjer å busetja seg, arbeida og verta verande i kommunen. Dette krev brei kompetanse og evne til å mobilisera verkemiddel på tvers av forvaltningsnivå.
– Vi er svært glade for å ha fått Thea Fjørtoft på laget. Hennar bakgrunn og nettverk er akkurat det vi treng for å driva dette arbeidet framover, seier styreleiar Ian Parry-Jones.
Fjørtoft sjølv ser fram til oppgåva med engasjement:
– Som næringsdrivande har eg røynt kor viktig det er å sjå moglegheiter òg når omgjevnadene er i endring. Difor gler eg meg til å bidra i Lyft. Eg kjem inn med respekt for det som allereie er bygt opp, stor nysgjerrigheit på kva som er mogleg å få til vidare, og ei sterk tru på at tillit, mot og samhandling er dei viktigaste drivkreftene for utvikling.
Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE