Velkomen til badetrampolina i Treungen sentrum
Badetrampolina kan du bruke heilt gratis, og er primært for deg som kan symje.
Trampolina ligg på 2 meters djubde minimum, og har eit lite stykke ut å symje.
Det er viktig at du passar på deg sjølv og andre når du brukar trampolina og set deg også godt inn i reglane.
Reglar for bruk av badeanlegget:
- Bading på eige ansvar
- Born under 12 år og personar som ikkje kan symje, må bruke redningsvest og ha tilsyn av ein vaksen.
- Det er ikkje lov å symje under trampolina.
- Stuping er forbode.
- Det kan vere maks 4 personar pr element.
- Badeanlegget er stengd frå kl. 23.00 – 08.00.
- Ved feil på anlegget, ring 907 98 423.
- Ved personskade ring 113, du oppheld deg på gnr og bnr 33/237.
Ha ein hyggeleg dag i Nissedal kommune!

Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE