Vatningsrestriksjonar frå 15.07.2026

Grunna stort vassforbruk innfører Nissedal kommune vatningsrestriksjonar frå 15.07.2026

Alle innbyggjarar tilknytt kommunalt vatn omfattast av restriksjonane.

  • Innbyggjarar med etternamn frå A-L kan vatne ein time mellom 18.00 til 23.00 på måndag, onsdag og fredag.
  • Innbyggjarar med etternamn frå M-Å kan vatne ein time mellom 18.00 til 23.00 på tysdag, torsdag og laurdag.

Det er ikkje tillate å vatne med spreiar eller svetteslange, berre handheldt slange.

Me er takksame for at dykk viser omsyn og er lei for ulempa dette medfører dykk som abonnentar.

Avdeling for vatn og avlaup

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?